Automatisk varsling
Dersom målingar når kritiske verdiar eller utstyr treng vedlikehald kan systemet automatisk senda varsling til driftsansvarleg. Kriterier for å senda ut varsling og kven som skal motta varslingane, kan konfigurerast i Embilink systemet.
Embilink støttar mange forskjellige løysingar for varsling, desse kan me setje opp etter dine ønskjer. Det er også mulig å bruke forkjellige varslingsmetodar avhengig av kven som skal varslast, eller kor viktige varsla er.
Varslingsmetodar
E-mail
Ein e-mail som beskriv årsaken til varslinga kan sendast ut til ein eller fleire mottakarar.
Her kan ein også leggje inn informasjon om korleis ein evt. skal handtera situasjonen.
Pushover
Pushover er ein APP som kan installerast på mobil/nettbrett eller PC. Når f.eks mobilen mottar ein pushover melding vil han varsle med ein lyd og ei melding frå Embilink. Fordelen med Pushover er at den kan vekkje mobiltelefonen sjølv om han står i “stille-modus”, som kan vere nyttig dersom det er kritiske parametre ein vil overvake. Telefonen kan også konfigurerast med andre varslingslydar enn f.eks SMS, slik at varslingane skil seg ut og dermed får større merksemd.
SMS
Embilink kan senda SMS via ein såkalla SMS servar, eller direkte frå utstyr med innebygd mobiltelefoni og SIM kort. Ein fordel med SMS er at det kan nyttast på eldre mobiltelefonar som ikkje støttar installasjon av APP’ar. Ein ulempe er at det kreve ein del administrasjon rundt SIM kort og abonnement.
Fysiske alarmpunkt
Dersom du har behov for fysike alarmpunkt på lokasjon, som for eksempel sirene, lys, dedikert alarmdisplay, instrumentpanel, eller noko anna, kan Embilink gje alarm på den måten. Det kan f.eks. konfigurerast slik at svært kritiske alarmar vil gje sirenealarm på anlegget.
Andre
Embilink kan også senda meldingar til HipChat, Slack, Sensu, Telegram m.fl. Desse systema har forskjellige eigenskapar og kostnadar alt etter om ein treng kun varsling, eller avanserte kommunikasjonssystem med videokonferanse o.a.