Målestasjon
Embilink-A2 er ein målestasjon som er bygd for å måle miljødata i oppdrettsmerdar. Embilink-A2 har elektronikk for å samle data frå mange forskjellige sensorar frå ulike leverandørar. Data bilr kommunisert enten trådlaust, via kabel eller fiber-optisk linje til ein server, som lagrar målingane i ein database. Både sanntids-data og dei historiske målingane kan presenterast grafisk i nettlesarar på PC/MAC, mobil og nettbrett.
Skap i skap
Skapet på merdkanten kan leverast som skap-i-skap-løysing dersom det er svært vêrutsett. Då er det både eit innerskap og eit ytter-skap som hindrar inntrenging av vatn og fukt på elektronikken.

Enkel installasjon og vedlikehald
Innerskapet har ein enkel innfesting slik at det lett kan bytast ut, eller oppgraderast av driftspersonell utan å tilkalle elektrikar eller automatikkar.
Tilkopling av sensorar og straumforsyning skjer via hurtig- kolbingar i innerskapet, og ein enkel gjennomføring med lamellar i ytterskapet. Slik at det er enkelt for driftspersonell å bytte ut, eller kople til fleire sensorar/utstyr.
Opsjonar og utviding
Embilink-A2 kan tilpassast og skalerast etter dine ønskjer både når det gjeld kva parametre som overvakast, og korleis disse skal presenterast/analyserast. Mange målestasjonar kan koplast til same system, og kvar målestasjon har reservert plass for framtidig utbygging av tilleggsutstyr.
Innebygd batteri(UPS) og diagnose
Som opsjon kan straumforsyninga i skapet utvidast med eit internt batteri og ladeautomatikk. Batteriet vil holde liv i utstyret ved kortare straumbrot. Slik at f.eks omkopling mellom landstraum og back-up generatorar ikkje fører til avbrot, eller støy på målingane. Dette systemet overvakar også straumforbruket på utstyret i skapet, og tilkopla sensorar. Ein kan få alarm ved avvik.
Trådlaust nett på merdkanten
Embilink-A2 kan byggast ut med nettverksmodular for å tilby trådlaust internett/intranett på merdkanten. På den måten kan trådlause sensorar, nettbrett, smarttelefonar o.a. ha tilgang på eit kjapt nettverk på merdkanten.
Les meir i vår pdf-brosjyre: