nøkkeldata

Dine nøkkeldata der du treng dei

Embilink er eit web-basert verktøy for å samle og gjere tilgjengeleg viktig informasjon som kan danne grunnlag for beslutningar og skapa verdiar i di verksemd.

Klikk på bildet for å sjå live dashboard

Innan fiskeoppdrett kan det vere miljødata frå oppdrettsanlegg, som for eksempel oksygen, temperatur eller salinitet.  Det kan også vere parametre frå teknisk utstyr som er viktig for verksemda, som for eksempel tanknivå på ein generator eller gjennomstrømning av vatn i eit røyr.

Noko av informasjonen er nyttig akkurat der og då, medan anna informasjon er mest nyttig når ein har større mengd data og kan analysere over tid.
Overvaking med Embilink gir både live-oversikt og moglegheit til å gå tilbake i tid og analysere historiske data som er viktige for produksjonen. Dermed kan ein optimalisere og gjere betre val i framtida.

Dataene som vert samla inn frå ditt system er dine data.  Embilink gjer det enkelt for deg å hente ut det som er viktig, enten det er fersk informasjon eller data frå fleire år tilbake i tid.  Du kan enkelt lage eit «dasboard» som hentar fleire verdiar og viser disse i ein samanheng.  Ønsjer du å overføre dataene til Excel så ordnar du dette med nokre få klikk (sjå her).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Embilink konseptet er utvikla av Embicon as som held til i Bømlo kommune i Hordaland.